Gå til hovedinnhold Gå til søk
Våpenskjold
Artikkel 

Valle skule
Valle skule

Postadresse:
Postboks 4
4747 Valle

Telefon: 3793 7580
Telefax: 3793 7342
Epost: post@valle.kommune.no
Nettadresse: www.valle.no/valleskule

Fronter Læringsplattform

Skip Navigation LinksTenesteområde > Skule og utdanning Gå til hovedinnhold
Tjenestebeskrivelse 

Karakter - Rett til å klage

Det kan klagast over alle karakterar som skal stå på vitnemålet. Det kan klagast på standpunktkarakterar, avgangs- og eksamenskarakterar, karakter i orden og framferd og karakterar til fag- og sveineprøver. Den som har klagerett, kan krevje grunngiving. Ved skriftleg avgangseksamen kan eleven be om å få kopi av eksamenssvara sine når karakteren er fastsett, men ein kan ikkje krevje at karakteren blir grunngjeven.

Omtale av tenesta

Målgruppe

  • Elevar, lærlingar, privatistar og praksiskandidatar eller dei som desse har gjeve skriftleg fullmakt
  • Foreldre til umyndige elevar, lærlingar eller privatistar har sjølvstendig klagerett

Kriterium

Elevar under 15 år kan ikkje klage utan skriftleg samtykke frå foreldra.

Kontaktinformasjon

Namn

Valle skule

Adresse

Postboks 4, 4747 Valle

Tlf

3793 7580

E-post

post@valle.kommune.no

Besøksadresse

Valle skule, 4747 Valle

Ansvarleg eining

Valle skule

Søknadsprosess

Rettleiing

Klagen må vere skriftleg. Han må vere underskriven av klagaren eller eventuelt av den som har fullmakt. Klagen skal føre opp det vedtaket det blir klaga på. Klagen bør vere grunngjeven. Ved klage på karakter etter skriftleg avgangsprøve er det ikkje nødvendig å grunngje klagen.

Søknadsfrist

Klagefristar: Frist for å klage på vedtak som gjeld avgangs- og eksamenskarakterar og standpunktkarakterar er ti dagar.
Frist for å klage på vedtak om vurdering av den praktiske delen av fag-/sveineprøva er tre veker. Krav om grunngjeving må vere sett fram innafor klagefristen.

Søknad sendast

Valle skule
Postboks 4, 4747 Valle

Handsaming

Resultatet av klagebehandlinga: Behandling av klage over karakterar kan føre til at karakteren blir ståande, eller at han blir endra til gunst eller ugunst for klagaren.
For munnleg eksamen spesielt: Får klagaren medhald, skal karakteren anullerast, og klagaren har rett til å gå opp til ny avgangsprøve.

Saksbehandlingstid:
Skolen/klageinstansen har plikt til å behandle saka så snart som mogleg. Dersom det ikkje blir gjort vedtak i saka innan éin månad, skal du ha skriftleg svar om årsaka til det, med opplysningar om når du kan vente at det vil bli gjort eit vedtak.

Lover og retningsliner

Lover

Retten til å klage er heimla i forskrift til opplæringslova kapittel 5 og opplæringslova §§ 2-3, 3-4, 4A-4 og og friskolelova § 2-3.
Forskrift til opplæringslova
Friskolelova
Opplæringslova
Tjeneste - info 
Valle, Redaktør Sist oppdatert 10.02.2009 Tips ein venn om denne sia Tips ein venn Registrer ei elektronisk tilbakemelding Tilbakemelding Skriv ut denne sida Skriv ut
 
Andre tenester i kategorien 

Skule og utdanning

Untitled [3] 
Piktogram Turisme, Fotograf: Ove Kjetså, Copyright: Valle kommune Piktogram - Handel og næring -små bokstavar, Fotograf: Ove Kjetså, Copyright: Ove Kjetså Piktogram - Lag og organisasjonar, Fotograf: Ove Kjetså, Copyright: Valle kommune Piktogram - Om Valle, Fotograf: Ove Kjetså, Copyright: Valle kommune Piktogram - Miside, Fotograf: Ove Kjetså, Copyright: Valle kommune