Planområdet omfattar området som er vist på kartutsnittet. Føremålet med planarbeidet er å få en trygg og effektiv RV. 9. Dette består i å auke trafikksikkerheit, få god trafikkavvikling, redusere reisetid og redusere ulykkesfrekvens.

planområde besteland-helle.PNG
Planlagde reguleringsføremål er:
• Bygningar og anlegg med underinndeling bygningar og anlegg, forsamlingslokale, uteopphaldsareal og massedeponi/L.
• Samferdselsanlegg og teknisk infrastruktur med underinndeling køyreveg, annan veggrunn – tekniske anlegg og kollektivhaldeplass
• Landbruks-, natur- og friluftsføremål samt reindrift med underinndeling LNFR areal, landbruksføremål og spreidd utbygging av bustader
• Bruk av og vern av sjø og vassdrag med tilhøyrande strandsone
• Omsynssoner med underinndeling Flaumfare og høgspentanlegg


Fylgjer reguleringa får for området: Gjennomføring av planen vil gjere riksvegen gjennom området meir framkommeleg og gje betre tryggleik for ferdsel. Den gamle riksvegen gjennom området vil bli nedklassifisert til kommunal veg og anna vegareal (driftsveg). Det er naudsynt med eit omfattande grunnerverv av dyrka mark og skogsmark og det må og ervervast eit gardstun med bygningar, 2 bustader samt nokre andre uthus.


Plankart i målestokk 1:1000 med føresegner og planbeskriving og andre sentrale dokument i saka, er lagd ut på Velkomstsenteret i Valle kommune, Kommunehuset, Kjellebergsvegen nr. 1, 4747 Valle.

Oversikt over saksdokumenta finst nedst på sida under "Meir informasjon" Sjå også informasjon på nettsida til Statens vegvesen: www.vegvesen.no/Riksveg/rv9 bestelandhelle

Merknader til reguleringsarbeidet kan rettast til Statens vegvesen Region sør, Postboks 723 Stoa, 4808 Arendal eller firmapost-sor@vegvesen.no før 31.1.2019 (seks veker frå avisannonsen). Merknader merkes med «Detaljregulering for rv. 9 Besteland-Helle».


Sakshandsamer svarer gjerne på spørsmål:
Kontaktperson i Statens vegvesen:
Øystein Lien, tlf.: 97 58 00 43, e-post: oystein.lien@vegvesen.no eller
Ragna Sølvi Pedersen-Rønningen, tlf.: 92 08 65 56, e-post: ragna.solvi.pedersen@vegvesen.no
Kontaktperson i Valle kommune: Torleif Homme, tlf. 90 10 19 55, e-post: torleif.homme@valle.kommune.no


Det haldas ope informasjonsmøte i Treungen grendehus onsdag 9. januar kl. 18.00- 20.00.

Representantar frå Statens vegvesen vil same dag også vere tilgjengeleg her mellom kl. 11.00 og 17.00.

 

Du finn også planen i vårt Planinnsyn, og i Kommunekart. Dette er ein eigen klient som viser planen i separate nivå (på bunnen, på grunnen og over grunnen (bruer))