På oppdrag frå Tor Espen Helle, og i samsvar med §§ 12-8 og 12-3 i Plan- og bygningslova, vert det med dette varsla oppstart av privat detaljregulering av steinbrot i Raudevjedalen på Helle, del av gnr. 70, bnr. 2 i Valle kommune. Planen vedkjem også Rv9 og planområdet støyter til br. nr. 1 og 25 i sør. Planavgrensinga er vist i biletet over og i kart nedst på sida.


Føremålet med reguleringsarbeidet er å legge til rette for tilkomst og uttak av steinmassar i samband med oppdyrking av ca. 50 da skogsmark. Utarbeidd og godkjend dyrkingsplan føreset at fjellskrentar vert tekne ned til eit fastsett nivå slik at arealet vert samteigt med tilliggjande skogsareal med god bonitet for oppdyrking. Det vil også vere aktuelt under planprosessen å vurdere bruk av delar av planområdet til deponi for mellomlagringa av gravemassar/humushaldige massar.


Lokalisering og omfang: Området får tilgjenge frå Rv 9. Uttaksområdet er ca. 50 daa, forventa uttaksvolum er ca. 500.000 m3 fast fjell. Årlig uttak vil vere avhengig av etterspurnad. Massetaket vert liggjande 0,3 km frå næraste fast busetnad. Det vert utarbeidd ein drifts-, uttaks- og avslutningsplan.
 

Gjeldande kommuneplan syner området avsett til LNFl-landbruk. Tiltaket massetak bryt såleis med arealføremålet i KP. Spørsmålet om tiltaket utløyser KU-kravet etter føresegna er avklart med kommunens planadministrasjon i oppstartsmøtet den 25.10.2019. Sidan bakgrunnen for uttak av steinmassar er godkjent dyrkingsplan og aktuell etterbruk er oppdyrka jordbruksmark for grasproduksjon er konklusjonen av KU-kravet kan oppfyllast med klargjerande og dekkande vurdering i planutgreiinga. Viktige tema i utgreiinga vil mellom anna vere forhold knytta til avrenning til Raudevja, støy, støv innsyn/eksponering, friluftsliv og trafikkavvikling. Området er avklart for fornminner i samband med ny riksveg i området. Berørte partar i saka vert varsla særskilt med brev.

Innspel til planarbeidet skal sendast til: Plankontoret Hallvard Homme AS, Boks 95, 4747 Valle, eller post@plankontoret.no innan 20. des. 2019. Opplysingar kan de få ved å venda dykk til Tor Espen, 958 89725 eller Hallvard på 959 37000.

Planen finn du i Valle kommune sitt planinnsyn her: Planid 201908 Detaljregulering for massetak Raudevjedalen