Føremålet med planarbeidet er å rette opp i ein saksbehandlingsfeil som blei gjort i samband med godkjenning av reguleringsplan for heile Myklevatn hyttefelt (Plan ID 200401) tilbake i 2011. Ei hyttetomt blei den gang flytta som fylgje av klage frå naboar. Vedtaket let seg ikkje gjennomføre på grunn av eigedomsrettslege høve.  Det nye planforslaget inneber at hytta vert tilbakeført til si opphavelege plassering. Dette inneber at Myklevatn hyttefelt får ei hyttetomt meir enn i dag. Reguleringsarbeidet (Myklevatn 2) omhandlar berre ein liten del av Myklevatn hyttefelt. Fylgjande eigedomar inngår i planområdet: 68/1, 68/170, 68/176, 68/179 og 68/438.

Sentrale dokument i saka, er lagd ut på Velkomstsenteret i Valle kommune. Du finn dei elektronisk nede på sida.

Merknader til reguleringsarbeidet kan rettast til Valle kommune, innan 15. august. E-post: post@valle.kommune.no

Vurdering av innkomne merknader ved oppstart: Sjå planomtala. Saksbehandlar svarer gjerne på spørsmål.

 

Med helsing

 

Are Kristiansen

Fung. planrådgjevar

Tlf. 9932 5180