Med skogbrannane i fjor sommar sterkt i minne vil vi oppmode folk til å vere ekstra varsame med eld i skog og mark og i samband med grilling.

Vi minner om at det er eit generelt forbod 15. april -15. september mot å gjere opp eld i nærleiken av skog og utmark.

 

Frå 15.april til 15.september er det forbode å tenne opp bål og grill (også eingongsgrill) i eller i nærleiken av skog og utmark. Det er likevel tillete å gjere opp eld der det openbart ikkje kan oppstå brann.

Eld må ikkje forlatast før den er fullstendig sløkt.

Dersom brannfaren er spesielt stor utover dette tidsromet, kan kommunen innføre utvida forbod.

 

Tips til trygg bålbrenning:

Ta omsyn til skogbrannfare og vind. Det er alltid den som tenner opp bål som har ansvaret for brannsikkerheita.

Ein vaksen, edru person bør vere ansvarleg for bålet.

Bålet må vere i god avstand fra bygg og vegetasjon.

Det er ikkje lov å brenne bål på svaberg.

Bålet må ikkje være større enn at du har kontroll på det og kan sløkke ved behov.

Ha sløkkemidlar lett tilgjengelege.

Det er forbode å brenne plast, byggemateriell og anna søppel.

Bålet må vere helt sløkt når du går frå det.

 

Eingongsgrillar:

Eingongsgrillar må stå stødig på ikkje-brennbart underlag.

Når du er ferdig med å grille, kan du sløkkje grillen med vatn, men  hugs at det tek tid før grillen er skikkeleg avkjølt og kan kastast. Kast den for all del ikkje i naturen!  

Same kva for grill du brukar, pass på:

Hald grillen under oppsyn så lenge den er varm. Barn og kjæledyr skal aldri vere åleine eller leike i i nærleiken av tent grill.

 

Nødtelefonar:

Brann            110

Politi              112

Ambulanse 113

Legevakt      116 117

 

Sjå elles heimesida til Setesdal brannvesen IKS for meir info!