11 av 12 moglege poeng på Klassequizen!
Denne artikkelen er over 7 år gammel, og kan inneholde utdatert informasjon.
Håvard, Lisbet og Kristian frå 10. klasse gjorde ein strålande innsats for klassen sin då NRK var på besøk måndag.
Dei tre ungdomane var mest ikkje synleg nervøse før den direktesendte sendinga måndag morgon. Dei fekk til slutt 11 av 12 moglege poeng, altså best i Agder pr. dags dato. Av dei fire moglege kategoriane Håvard Raustøl frå NRK P1 Sørlandssendinga hadde med seg, trakk elevane emna King, Olympisk og Radio. Her er nokre av spørsmåla dei fekk:
- Kva for ein gud var det som regjerte på Olympus?
- I kva land ligg Vancouver?
- Kor gamal var kronprins Håkon då han tente OL-elden på Lillehammer?
- Kva for ein fredsprisvinnar vart drepen i 1968?
- Kva for ein statsminister måtte gå av pga. Kings Bay saka?
- Kva land kjem radiostasjonen BBC frå?
- Kva er måleeininga for radiostråling?
Det blir spennande på å følgje med på resten av skulane i Agder og sjå kvar Valle skule hamnar! Du kan følgje med på det her på denne linken.