Kunngjering om oppstart av detaljregulering for Øyne Aust bustadområde
Øyne bustadfelt II, Gnr. 48., Bnr. 35.
Saksnummer 2023/1253
Øyne, Valle
Kunngjering frå: 25.09.2023
Frist for uttale: 01.11.2023
Øyne bustadfelt II, Gnr. 48., Bnr. 35.
Saksnummer 2023/1253
Øyne, Valle
Kunngjering frå: 25.09.2023
Frist for uttale: 01.11.2023
Ved handsaming i Plan- og miljøutvalet den 13.06.2023 av sak 44/23, vart kommunedirektørens tilråding samrøystes vedteke.
Endringa gjeld kart. Formålet med endringa er å justere planeringshøgde for tomt 6 til 740 moh.
Dersom du er part, eller på annan måte har rettsleg klageinteresse, har du høve til å klaga på vedtaket, med heimel i plan- og bygningslova §§ 1-9 og 12-12, 3.ledd og forvaltningslova § 28.
Dersom du vil klage, må du gjere det innan 10.07.2023. Klaga må setjast fram skriftleg og må vera grunngjeve og underteikna av klagaren.
Planforslaget og dokumenta finn du i vårt planregister, Arealplaner.no.
Klaga kan sendast pr. post til Valle kommune, postboks 4, 4746 Valle, eller på E-post: post@valle.kommune.no
Bustadtomter
Valle kommune har eit sentrum som stadig er under utvikling med fleire servicetilbod som t.d. butikkar, etestader, aktivitet- og friluftsforretning, bibliotek, bank, hotell og bensinstasjon. Aust for sentrum i Leite Sør er det no gjort endringar i reguleringsplanen, slik at kommunen kan tilby tomter for bustader i fleire storleikar. Tomtene ligg strategisk til i nærleiken av sentrum og er tilpassa alle generasjonar med ein fantastisk utsikt over sentrum og store deler av dalen.