Det er no tid for å søke om fellingsløyve til bygdejakta i Njardarheim. Tilbodet gjeld fastbuande i Valle kommune (må vere folkeregistrert i kommunen). Prisen for jakta er auka med 3 % frå i fjor, men prisane på bygdejakta er endå lavere enn den ordinære jakta. fellingsavgift for skotne dyr kjem i tillegg.

Valle kommune kan i år tildele 11 fellingsløyver; 1 fritt dyr, 4 simle og 6 kalv.

Søknad om fellingsløyve sendast til Valle kommune, Pb 4, 4746 Valle eller post@valle.kommune.no. Søknaden må merkast med "Bygdejakt".

Søknadsfrist 25.07.2020

 

VqKkICAICAKCgCAgCAgCLSbwvxrC 5pevO 3SvAAAAAElFTkSuQmCC

Korta kan brukast i bygdejaktterrenget heile jakta. I tillegg er det opna for å jakte vidare inn i Njardarheim (ikkje sameige**) Dei dagane som ikkje er farga grå i tabellen. Dette er dei to siste dagane i kvar jaktperiode, samt perioden frå 26.09 til og med 30.09. Jaktfelt Ljosådalen er stengt for bygdejakt fram til og med 25. september grunna opplæringsjakt.

**Unntak frå regelen om jakt i heile Njardarheim gjeld for sameiene Steinheii i Bykle og Heddelene (Juvatn), Øvre Brokkehei og Øvre Uppstad driftshei (Grunnevatn) i Valle. Jakt i nedre Uppstad Driftshei tillates ikkje før kvite dager etter 1. september.

 

 

Innsamling av kjevar, kort og CWD prøver

Kjevar til felte dyr leggjast i sekk/kasse på Fossebu, Fjellbutikken, i Valle eller Bykle, eller sendast til Statskog SF, Kristian Eiken Olsen, Austegardsvegen 401, 4540 Åseral.

Kjever skal leverast i reingjort tilstand, kjever som sendast i posten skal ikkje pakkes i plast! Dei skal sjå Statskog etter endt jakt, seinast tre dager etter jakt slutt.

Brukte og ubrukte kort leverast til kontaktperson i kommunen umiddelbart etter endt jakt

Hugs å påføre fellingssted på korta. Det er også ynskjeleg at felte dyr blir nøyaktig veid.

Det skal tas CWD prøve av alle felte dyr eldre enn 1 år. For meir detaljer kan de lese på www.villreinlag.no og Setesdal Ryfylke villreinlag sin Facebook side. Statskog vil distribuere prøvetakingsutsyr til kontaktpersonane for bygdejakta før jakta starter. Det er viktig at alle jegerane sett seg inn i rutinane for innsending av prøver.

 

 

 Jaktfri sone langs Brokke-Suleskardvegen

Ordninga med jaktfri sone langs vegen er som før. Bredda på sona er det arealet som er synlig frå vegen.

Vis respekt for værforholda i fjellet. Forholda på vannmagasina kan endre seg fort, så bruk båt m. motor som er stor nok, og hugs redningsvest.

 

 

Jaktoppsyn

Statskog SF har inngått avtale med Statens Naturoppsyn (SNO) om jakt og fiskeoppsyn på statsgrunn. Personell frå SNO har difor mynde til å kontrollere forhold av privatrettsleg karakter.