www.gardskart.no 

Kommunenummeret til Valle er 4221.

Teksta er henta frå www.nibio.no

Den nye versjonen av Gårdskart-tenesta skal gjere kommunikasjonen enklare begge vegar. Oftast vil dialogen gå mellom forvaltning og ulik brukarar, men den kan og gå fagfolk imellom.

- Både teknisk funksjonalitet og visuell presentasjon er mykje endra, til det betre. Eit stort løft har gjort tenesta enda meir brukarvennleg. Mange endringar er da også gjort etter gode innspel frå nettopp brukarane våre, fortel prosjektleiar i NIBIO, Ingrid M. Tenge.

 

Mykje brukt

Tenesta er mykje brukt av kommunal landbruksforvaltning i samband med søknader om produksjonstilskot, konsesjonssaker, omdisponering eller deling etter jordlova.

- Gårdskart er den mest besøkte karttenesta til NIBIO, med om lag 15 000 oppslag per dag. Rundt søknadsfristen for produksjonstilskot ser vi at bruken aukar kraftig, kommenterer Tenge.

Tenesta er elles nytta av fagfolk generelt der det trengst presise data om arealressursar på ein eigedom. Det kan til dømes vere ein bonde som skal gjere tiltak på garden eller som ønskjer oversikt over leigejord, eller ein sakshandsamar i kommunen som førebur ei landbrukssak.

 

Kva er nytt?

Enkelte nye funksjonar er alt lagt ut i Gårdskart tidlegare i år, med gode skussmål fra brukararne så langt. Til dømes er det blitt mogleg å lagre teikningar rett i kartløysinga. Ein kan og teikne og måle avstand og areal via mobiltelefon, noko ein ikkje kunne før.

- Den store nyvinninga er nok likevel at ei lagra teikning kan delast vidare med andre eller importerast inn i andre kartløysingar, forklarer Ingrid Tenge.

- Visuell lay-out med fargar, ikon for ulike val og plassering av funksjonar er også fornya. Målet med alle endringane er å gjere det enklare for brukarane.

Eit konkret døme på forenkling kan vere bonden som leiger jord frå fleire eigarar. Han kan no, på enklare måte enn før, legge til fleire eigedomar med leigeareal til gardskartet sitt samtidig. Mens han før måtte registrere arealet, lukke dialogen og ‘gå tilbake til toppen’ for å opne for neste registrering av areal, kan fleire eigedomar lagrast ein etter ein til ei liste.

Tilpassa ein digital kvardag

I ein typisk arbeidssituasjon er gardbrukar eller landbrukskonsulent utandørs på jobb, på eit jorde eller anna landbruksområde, for å sjå til eit tiltak som ei grøft, nye bygningar eller nydyrking. Da er arbeidsverktøyet mobiltelefon eller nettbrett.

- I tillegg til å kunne teikne, er den nye versjonen tilrettelagt for å kunne laste inn ei GPS-fil og vise den i kartet, seier prosjektleiar Tenge.

- Dette kan vere nyttig om ein har målt inn nydyrka jord, ei grøft eller ein tursti med GPS. Fila kan da visast i gardskartet saman med andre karttema og bakgrunnskart som flyfoto.