Kommunestyret godkjente i møte 22.06 å etablere ein ladestasjon ved Valle bygdeheim for kommunale tenestebilar. Heimesjukepleien har i dag bilar med fossilt brennstoff, men vil når leasingavtalen går ut, gå over til el-bilar.

Ved å gå over til el-bilar vil Valle kommune innretta seg mot dei anmodingar som vert gitt til offentleg sektor retta mot bærekraft og klimamål.