Alle innbyggarane i kommunen over 18 år skal ha fått første vaksina. Dersom du ikkje har vorte innkalla, ber vi om at du kontaktar sentralbordet på telefon 379 37 500.

Førebels blir det gjeve tilbod om vaksine ned til 18 år, men det blir vurdert av myndigheitene om alle over 12 år skal få tilbod om vaksina. Meir informasjon om dette følgjer når vi har det. Vaksina er gratis. Ein skal få tilbod om andre dose minimum 3 veker etter første dose. Du vil få innkalling til denne òg.