Torsdag 14. oktober startar vi opp med foreldregruppe i Valle. Vi treffast i alt 8 torsdagar kl. 17.00- 19.00. Gruppa vil bestå av inntil 8 foreldre, samt oss gruppeleiarar.   

 

Samtalane i foreldregruppa tek utgangspunkt i foreldra sine erfaringar frå kvardagen. Målet er at foreldre skal bli ein tryggare i foreldrerolla, og meir merksam på kva dei gjer som er bra for barnet sitt. Ein får ingen oppskrift, men hjelp til å finne eigne løysingar som passar for seg og sitt.

 

Gruppene tek utgangspunkt i foreldrerettleiingsprogrammet ICDP. Les meir om programmet på www.bufdir.no, søk på ICDP.  

 

Du kan gjerne ta kontakt med Ingrid Bjønnes på ingrid.bjonnes@bykle.kommune.no eller på telefon 94813245 om du har spørsmål eller lurer på om dette er noko for deg.  

 

Påmelding til Ingrid innan 16. september.  

 

Med helsing Ingrid Bjønnes og Trude E. Mikkelsen, ICDP-rettleiarar