Politiet har no fått "mobile passkioskar" som skal køyre rundt til stader som ikkje lenger kan utferde pass og nasjonalt ID-kort. Ein av desse har Valle på si køyrerute, og kjem til Valle måndag 4. oktober 2021 og måndag 22 november 2021.

 

Ein må bestille time ved å gå inn på www.politiet.no og trykke på "Pass og ID-kort". Her legg ein inn kommunenamn, så får ein opp dei næraste passkontora, inklusive den mobile eininga. Så er det berre å velje dato og klokkeslett så lenge det er ledig.

 

Det er viktig å lese kva ein skal ha med seg slik at ein får løyst ærendet sitt. Det kan vere det gamle passet, fødselsattest på barn, stadfesta fullmakt frå den av foreldra som ikkje følgjer barnet osb. Ring gjerne lensmannskontoret om de lurer på noko på telefon 38 13 68 50.