På møtet i Helsefellesskapet Agder blei administrerande direktør Nina Mevold ved Sørlandet sykehus HF takka av etter to år som leiar av Helsefellesskapet i Agder. Ho overrakte stafettpinnen til kommunane ved kommunedirektør i Arendal Harald Danielsen.

Helseforetaket og kommunane vekslar på å inneha leiarvervet for Helsefellesskapet. Sørlandet sykehus HF (SSHF) har hatt vervet dei to siste åra. No er kommunane som overtek, og det blei kommunedirektør i Arendal Harald Danielsen som trer inn i denne rollea frå 2022. Samtidig overtek SSHF leiinga av dei fire regionale samarbeidsutvala (RS-ene).

Danielsen la i sin takketale til Mevold vekt på at Helsefellesskapet i Agder under hennes leiing har hatt ein god utvikling, viktige prosessar er gjennomført og at langsiktige planar om forbetring og utvikling av helsetenester til Agders befolkning er lagt.
- Ikke minst har det utviklet seg et godt forhold mellom partene som bygger på tillit til hverandre, sa han blant anna.

Danielsen takka også sekretariatet som sørger for framdrift i dei ulike prosjekta og aktivitetane som Helsefellesskapet initierer.
- Uten et profesjonelt sekretariat blir det lite aktivitet, meinte han.