Hopp til toppmenyen på siden Hopp til hovedinnholdet på siden
:

Testing for Covid-19

Har du behov for å bli testa for korona, ring 37 93 75 40 (kvardagar kl. 09-12 og 13-14).  Les meir...
A A A

Årsmelding frå Valle ungdomsklubb med juniorklubb

Publisert , Oppdatert 02. februar 2017
Denne artikkelen er over 4 år gammel, og kan inneholde utdatert informasjon.
ungdomsklubben

Valle ungdomsklubb er organisert under avd. Kultur og fritid, Valle kommune. Klubben er for ungdomsskulealder og oppover. Faste klubbkveldar er onsdagar i partalsveker og torsdagar i oddetalsveker, kl. 19.00-21.30, og vi følgjer skuleruta. Det går gratis buss heim frå klubbkveldane. Hovudmålgruppe er 8.-10.klasse, men vi prøver også å gi tilbod som passar for eldre ungdommar som går på vidaregåande og folkehøgskulen. Juniorklubben er for 5. - 7. klasse, ein gong per månad.

På klubbkveldane er det ulike aktivitetar. Vi har eige filmrom og kjøkken, og nyttar også idrettshallen og av og til bassenget. Klubben passar både for dei som er aktive og for dei som berre vil ha ein stad å spele sjakk eller biljard med nokon, sjå ein film eller rett og slett berre treffe andre. I tillegg til dei faste klubbkveldane står klubben for arrangement i løpet av året, t.d. ungdomskonsertar, fredagsklubb osb., og samarbeider ofte med klubbar frå nabokommunane, kulturskulen og andre.Dersom du vil vite meir om kva for aktivitetar vi driv på med, kan du lese årsmeldinga for 2016 her 

Det er kiosk på klubbkveldane, og alltid sal av varmrett. Vi satsar på låge prisar og mest mogeleg sunt utval i kiosken, og både når det gjeld mat og aktivitetar legg vi stor vekt på variasjon frå gong til gong. Inntektene frå matsal går til aktivititetar, turar og innkjøp som kjem klubbmedlemane til gode. Klubbleiar er Eliezer Ivan M. Contreras, og på dei faste klubbkveldane er også Liv Åkre Trydal med. Klubben har eit ungdomsstyre, som består av 1-2 representant frå kvar klasse i ungdomsskulen.

  • Skjema
  • Tenesteomtale
  • Dokument
  • Lenker