Innkjøp er kommunanes grøne supermuskel. Dei åtte kommunane i samarbeidet kjøper inn varer for over 600 millionar kroner i året. No skal vi bruke forbrukermakta til å drrive fram meir klimavenlege løysingar, seier Akselsen.

Nå er det etter kvart mange grøne kvinner og menn i kommunane som jobber med klima, miljø og bærekrft, men Akselsen har fått ei heilt spesiell oppgåve. Han skal jobbe med grøne innkjøp i kommunane Vennesla, Birkenes, Iveland, Åseral, Evje og Hornnes, Bygland, Valle og Bykle. Det er unikt i Noreg at åtte kommunar går saman i eit slikt samarbeid.

Samarbeid og næringsliv

Det grøne innkjøpsprosjektet er det Miljødirektoratet som finansierer. Prosjektet varer i første omgang i to år. Akselsen starta i jobben i april og har bruka dei første vekene til å ha møter med ansvarlege for innkjøp og kommuneleiinga i alle dei åtte kommunane. Han kjem i hovudsak til å ha kontorstad på Evje.

 

I tilleg til grøn forbrukarmakt skla han også jobbe med to andre viktige grøne prosekt:

Vurdere og initiere samarbeidsprosjekt der dei åtte kommunane kan samarbeide om innkjøp og eventuelt dele på utstyr, rett og slett innføre delingsøkonomi i dei kommunale systema.

Vere pådrivar for marknadsutvikling. Jobbe med lokalt næringsliv slik at kompetansen rudnt det grønne skiftet aukar og lokale bedrifter og lokalt næringsliv kan posisjonere seg og vere klare til å ta grøne marknadsandelar.

 

Dette vert veldig spanande. Første konkrete resultat er alt på plass. Av dei åtte kommunane sine 187 køyretøy, har Valle bestemt seg for å erstatte fire dieselbilar med fire nullutsleppsbilar. Vi håpar på mykje slikt - og ikkje minst gleder eg meg til å jobbe med næringslivet. Vi jobbar alt med eit kursopplegg for handtverkarar, koordinert frå Bygland, seier Akselsen.

Mangfoldig bakgrunn

Roy Akselsen kjem frå Toten og har allsidig bakgrunn. Han jobba som tømrar i mange år . Ei arbeidsulykke kunne avslutta yrkeslivet, men sendte han i staden på skulebenken. Han tok NTNU i Trondheim og Gjøvik med fordjuping i faga samfunnsøkonomi, samfunnsgeografi og design.

No freista Agder fordi vi har barnebarn her og fordi denne jobben er midt i blinken av det eg ynskjer å drive med. Det grøne skiftet må kome. Komande generasjonar er avhenig av at vi legg om, og då har kommunane mykje kraft å sette inn. Kommunane blir viktige i den store jobben og endringane vi må gjennom, seier Akselsen.