Valle kommune inviterer til innbyggjarverkstad: KORLEIS VIL VI BU I VALLE I FRAMTIDA?

Måndag 25.september kl. 18-21 i Hylestad soknehus vil vi samle så mange som mogeleg av våre innbyggjarar. Vi startar møtet med å oppsummere status etter førre innbyggjarverkstad, som var i 2021.

I verkstadene denne kvelden ser vi føre oss å jobbe med følgjande tema:

Utfordringsbilete Valle kommune
Kva er dagens utfordringar - kva for utfordringar må vi førebu oss på - og kva er våre ressursar?
Kva gir bulyst og skapar attraktive lokalmiljø?
Bustadpolitisk plan


Det blir servering av varm mat levert av Valle bygdeheim i pausen. Vi håpar på godt oppmøte og stort engasjement – alle innspel er viktige og velkomne.

: Hylestad soknehus
Tid: mandag 25. september 18:00