Valle kommune har på kort varsel fått tildela betydelig auka antal koronavaksiner. Mange personar vil få innkalling til vaksinering i veke 30 og veke 31. Vi oppmodar alle til å prioritere vaksinering. Personar som bur i kommunen eller som oppholder seg i kommunen over tid og ynskjer koronavaksine og ikkje har motteke innkalling til vaksine innan utgangen av juli vert bede om å ta kontakt med kommunen. Du kan ringe sentralbord 37937500 eller sende e-post til sentralbord@valle.kommune.no  og oppgje namn, personnummer og telefonnummer. Personar i gruppa 18-24 år som ikkje har fått inkalling til vaksine vert bedne om å ta kontakt snarast.