Som de ser på nyheitene er det aukande smitta nasjonalt og stort trykk på sjukehusa, spesielt i aust og nord. I Valle og Bykle har vi berre hatt sporadiske smittetilfeller gjennom hausten og vi har førebels godt kontroll.

Dei to viktigaste tiltaka hos oss no er:

* at befolkninga over 65 år, og dessutan helsepersonell, får ein tredje dose snarast mogleg

* at folk held seg heime når dei er sjuke! Både frå barnehage, skule og jobb. Ha låg terskel for covidtest

 

Førebels er det ikkje aktuelt med påbod om munnbind eller avstand, men regjeringa anbefaler at ein ikkje handhelser meir.

 

Når det gjeld arrangement, er det endå ikkje anbefalt avgrensingar. Vi oppfordrar sjølvsagt til at ein er nøye på smittevern, som håndvask og handsprit. Og at ein sjølvsagt ikkje går ut på arrangement, dersom ein har symptom.

Dei som kan sitja på hjemmekontor utan at det får faglege eller psykososiale avgrensar, bør oppfordrast til det. Dette blir opp til kvar enkelt bedrift å gjere vedtak om.

Det er ikkje aktuelt å innføra coronapass i kommunen førebels - sidan dette enn så lenge berre kan brukast til å letta på tiltak - og vi har ingen slike tiltak pr dags dato.

Ved spørsmål, er de alltid velkomne til å ta kontakt.

 

Helsing kommuneoverlegen