Hopp til toppmenyen på siden Hopp til hovedinnholdet på siden
:

Testing for Covid-19

Har du behov for å bli testa for korona, ring 37 93 75 40 (kvardagar kl. 09-12 og 13-14).  Les meir...
A A A

Bålreglane er endra

Publisert
Denne artikkelen er over 5 år gammel, og kan inneholde utdatert informasjon.
skogbrann

Frå 1. januar i år er reglane for bålbrenning endra. I tida mellom 15. april og 15. september er det forbode å gjere opp eld nær skog og i all annan utmark utan løyve frå kommunen

Dei nye reglane i "Forskrift om brannforebygging" presiserer m.a. at bålforbodet no gjeld i all utmark.

Kommunane kan gjennom lokal forskrift fråvike bålforbodet, dersom lokale tilhøve tilseier det. Ved spesielt stor brannfare kan kommunane innføre forbod mot å gjere opp eld i bestemte område og utanfor tidsrommet 15. april til 15. september.

Det er viktig å vere klar over at det "å gjere opp eld" omfattar meir enn bålbrenning. Det omfattar t.d. bruk av eingongsgrillar og andre bål- og peisinnretningar. Oppsending av såkalla skylanterner og handtering av brannfarleg avfall er og omfatta av omgrepet.

  • Skjema
  • Tenesteomtale
  • Dokument
  • Lenker