Frå 13. mars til 2. april vil dei samle inn brukte hushaldningsbatteri. Dette gjer dei for å sørge for at desse vert gjenvunne, i staden for å hamne i søpla, eller endå verre – naturen!

Elevane vil derfor kome rundt til husstandane dei neste tre vekene, og be om å få brukte batteri. Batteritypane dei samlar inn er:

AA, AAA, AAAA, C, D, 9V, 4,5V og knappcellebatteri

Det er og mogleg å levere batteri på skulen. Frå måndag 13. mars vil det stå ei innsamlingskasse nede i personalinngangen, som ein kan levere batteri i når skulen er open. 

Her kan de finne meir informasjon om batterijakten:
https://batterijakten.no/om-batterijakten