Verneområdestyret for SVR vedtok prosjektplanen for arbeidet med besøksstrategi i møtet

16.6.2017. Gjennom hausten 2017 har forvaltningssekretariatet gjennomført synfaringar, møte og

henta inn relevant kunnskap i tråd med prosjektplanen. Dokumentet som nå ligg føre er 1.

generasjons besøksstrategi for SVR. Det er lagt vekt på at det skal vera eit konkret og målretta

forvaltningsverktøy som aktivt kan nyttast i årleg prioritering av tiltak og annan innsats.

Verneområda i Setesdal Vesthei, Ryfylkeheiane og Frafjordheiane (SVR) består av 17 verneområde

med til dels stor ulikskap i verneform, storleik, eigedomsstruktur, flora og fauna mv. Det har vore ei

utfordring å famne dette i ein besøksstrategi som tar omsyn til denne ulikskapen. I besøksstrategien

er det lagt særleg vekt på å vidareutvikle dei etablerte innfallsportane til verneområde gjennom

konkrete informasjonsog tilretteleggingstiltak. Verneområdestyret ønskjer å skape attraktive

innfallsportar til verneområda som kan bidra til gode opplevingar for dei besøkande og skape eit

grunnlag for lokal verdiskaping. Besøksstrategien har og eit sterkt fokus på å ta vare på

villreinstamma og andre sårbare naturverdiar i området. Dette vil skje gjennom klare føringar for

styring og kanalisering av ferdsel i særleg sårbare områder. Verneområdestyret ønskje såleis å bruke

besøksstrategien som eit verkemiddel for å løyse både eksisterande og forventa konfliktar knytt til

bruken av verneområda. Mange av tiltaka i besøksstrategien vil bli sett i verk gjennom

verdiskapingsprosjektet «Kunnskapsformidling om villrein og villreinfjell» der SVR er prosjekteigar.

 

Besøksstrategien i fulltekst

Godkjenning frå Miljødirektoratet i fulltekst