Valle kommunestyre vedtok i desember 2016 at folkebiblioteket i Valle skal vere samla på ein stad. Dette betyr at frå og med hausten 2018 samlar vi all aktivitet i det nye biblioteket. For at alt skal kunne pakkast på best mogleg måte, for så å flyttast over frå Hylestad filial til det nye biblioteket, blir april den siste månaden som Hylestad filial er open.

Vi kjem tilbake med dato for stort sal av bøker og anna.

 

Biblioteksjefen takkar for den gode tida på filialen, og vonar at mange kjem til å ta i bruk det nye biblioteket, som vi ønskjer skal vere ein møteplass for menneske i alle aldrar.