I Friluftslivets veke 2020 var det heile 900 store og små aktivitetar, turar og arrangement over heile landet. Frå første helga i september 2021 går Noregs største friluftsfeiring av stabelen igjen. Start planlegginga no!

Friluftslivets veke er eit perfekt høve til å synleggjere ditt lag/foreining, skaffe nye medlem og få gratis marknadsføring gjennom ein landsdekkande kampanje med god kjennskap i befolkninga.

Har de alt eit terminfesta arrangement som er planlagt rett før eller rett etter 4. - 12. september? Kvifor ikkje flytte det, slik at arrangementet blir ein del av Friluftslivets veke 2021? Eller kva med å finne på noko moro i samarbeid med andre lokale lag og foreiningar?

Pass på å få med ditt arrangment i den landsdekkande aktivitetskalenderen på friluftslivetsuke.no 

Registreringa er open, og her finn du også profilmanual, tips og inspirasjon til Frilufslivets veke.

Veka opnar med alt heile Noreg søv ute under #nattinaturein laurdag  4. september, og vert avslutta med ein dugnad for naturen og nærmiljøet - Tur med meining 11. - 12. september.

 

Velkomen til årets største friluftsfest!

 

Logo norsk friluftsliv