Treng du bustad kan du sende ein e-post til: post@valle.kommune.no der du søkjer om kommunal bustad. Det er ikkje lenger eit krav å vere kommunalt tilsett for å få leige kommunal bustad så kven som helst kan søkje. Det er viktig at du skriv kva behov du har i høve tal på soverom. Det vil etter kvart bli utarbeidd eit søknadsskjema som ein vil finne på vår heimeside.

Dersom du treng omsorgsbustad skal du kontakte pleie og omsorg. Når det gjeld sosial bustad tek du kontakt med NAV slik det alltid har vore.

Dersom du har hus, leilegheit eller hybel som du ynskjer å leige ut vil me i bustadkontoret gjerne ha melding om det slik at me evt. kan sette folk i kontakt med dykk som leigetakarar. Det hender me får førespurnader me ikkje kan dekke og då vil me kunne vidareformidle førespurnaden til private utleigarar.

Har du andre spørsmål i høve kommunale bustader kan du ta kontakt med ein av oss i bustadkontoret:

Leiar velkomstsenter Gunn Marith Homme, tlf. 379 37 520 / 918 37 000, e-post: gunn.marith.homme@valle.kommune.no

Koordinator vedlikehald Ånund Haugen tlf. 995 43 079, e-post: Anund.Haugen@valle.kommune.no