Det er no tid for å søke om fellingsløyve til bygdejakta i Njardarheim. Tilbodet gjeld fastbuande i Valle kommune (må vere folkeregistrert i kommunen). Prisen for jakta er uendra frå i fjor. Prisane er framleis lågare enn den ordinære jakta. Fellingsavgift for skotne dyr kjem i tillegg.

 

På grunn av CWD situasjonen på hardangervidda er det frå 2021 endringar i kvotesamansetningen.- Sidan endre bukk virker til å vere meir disponert for smitte, og har større utvandringsfrekvens er det ynskjeleg frå Miljødirektoratet, Mattilsynet og Villreinnemda at det felles betydeleg meir eldre bukk enn tidligare.

 

Valle kommune kan i år tildele 11 fellingsløyver;

Dyrekategori

Fordeling i %

Antall

Pris pr. dyr

Fritt dyr

30

3

Kr 5000

       

Simle

30

3

Kr 2650

Kalv

40

5

Kr 1250

 

 

Søknad om fellingsløyve sendast til Valle kommune, pb 4, 4746 Valle eller post@valle.kommune.no.

Søknaden må innehalde namn, adresse og telefonnummer og må merkast med «Bygdejakt».

 

Søknadsfrist er 25.07.2021

 

Reglar for kvar ein kan jakte med bygdekort

 

 

Jaktperiode 2021 Antall dager og datoar i jaktperioden
Jaktperiode 1 20.08 21.08 22.08 23.08 24.08
Jaktfritt 25.08 26.08 27.08    
Jaktperiode 2 28.08 29.08 30.08 31.08 01.09
Jaktfritt 02.09 03.09 04.09    
Jaktperiode 3 05.09 06.09 07.09 08.09 09.09
Jaktfritt 10.09 11.09 12.09    
Jaktperiode 4 13.09 14.09 15.09 16.09 17.09
Jaktfritt 18.09 19.09 20.09    
Jaktperiode 5 21.09 22.09 23.09 24.09 25.09
Jaktperiode 6 26.09 27.09 28.09 29.09 30.09


Korta kan brukast i bygdejaktterrenget heile jakta. I tillegg er det åpna for å jakte vidare inn i Njardarheim (ikkje sameier**) dei dagane som ikkje er farga grå i tabellen. Jaktfelt Ljosådalen er stengt for bygdejakt fram til og med 25.september grunna opplæringsjakt.

 

**Unntak frå regelen om jakt i hele Njardarheim gjelde for sameiene Steinheii i Bykle og Heddelene (Juvatn), Øvre Brokkehei og Øvre Uppstad driftehei (Grunnevatn) i Valle. Jakt i Nedre Uppstad Driftehei vert ikkje tillete før dei dagane som ikkje er farga i grått SLIK etter 1.september.

 

Bygdejegerane kan reise inn i terrenget kvelden før jakt, jegerane skal då campe og opphalde seg i umiddelbar nærheit av båten inntil neste dag. Det vert også tillate å gå turistløypenett til turisthytte. Det er viktig at bygdejegerane viser hensyn til jegerane som allereide jakter i jaktfeltet.

 

Innsamling av kjever, kort og CWD prøver.

Kjevene til felte dyr skal leggjast i sekk/kasse på Fossebu, Fjellbutikken, i Valle eller Bykle, eller sendast til Statskog SF, Kristian Eiken Olsen, Austegardsvegen 401, 4540 Åseral.

 

Kjever skal leverast i reingjort tilstand, kjever som sendast i posten skal ikkje pakkast i plast! Dei skal være Statskog i hende etter endt jakt eller seinast tre dagar etter jakt slutt.

 

Brukte og ubrukte kort leverast kontaktperson i kommunen umiddelbart etter endt jakt.

 

Hugs å påføre fellingsstad på korta.

Samtlige felte dyr skal være nøyaktig veid, og ikkje anslått vekt.

 

Det skal tas CWD prøve av alle felte dyr eldre enn 1 år. For meir detaljar kan de lese på www.villreinlag.no og Setesdal Ryfylke villreinlag si facebook side. Sjå også foldar som følgjer med kvart enkelt kort. Statskog vil distribuere prøvetakingsutstyr til kontaktpersonane for bygdejakta før jakta starter. Det er viktig at alle jegerane set seg inn rutinane for innsending av prøver, sjå folder.

 

Frå 2021 vil manglande innlevering av CWD prøve kunne føre til utestenging frå jakt neste år.