Kva skjer?

Det er eitt arrangement i kvar kommune. Ulikt tema kvar dag gjennom heile veka og ein felles gründerdag! Kveldsmøta har ein ekstern «kanon» og ein «lokal suksesshistorie» til inspirasjon.  Det startar på Hovden måndag 16., vidare er det arrangement i Bygland tysdag 1.7, Evje onsdag 18. før Gründerdagen kjem torsdag 19.11 på Sølvgarden. Alle arrangement er opne for alle. Vel møtt!

Måndag 16.11.15 Bykle: Hovdestøylen, kl 19-21
«Alle vegar fører til Lom» - Om å ha tru på seg sjølv, eigen idear – trass ytre skepsis!  
Morten Schakenda - Bakeren i Lom!
Det er alltid behov for en underdog og marknad for ein god kremmar! 
Tom Roger Øydne - Konkurrenten.no
Vert og påmelding: Svein Hjort-Olsen – næringssjef Bykle: svein.hjorth-olsen@bykle.kommune.no

Tysdag 17.11.15: Bygland brygge kl 19-21
Alpakka – Lista – grøn nyskaping!  Med BU-pris i lomma og ambisjonar i hovudet!
Gardsdrift, oppdrett av alpakka og mykje meir!
Cecilie og Steinar Andreas Nilsen
Business 24-7! Om sal, meirsal, gjennkjøp – kjenn din gjest!
Bjørn Erling Auestad –Bykle hotell, XY-Hovden – Hovdehytta m.m.
Vert og påmelding: Frantz Are Nilsen – næringssjef Bygland: frantz.nilsen@bygland.kommune.no

Onsdag 18.11.15: Troll aktiv kl 19-21
Frå problem via produktutvikling og big business!
Takk til lakselusa og rognekjeksen! Støtteapparatenes nytteverdi.
Andreas Lindholm – Norsk oppdrettsservice
Teft for marknad og trendar - Klart det må vere kult og «littegranne trendy»!
Furomo Food for your mood - gründerstorryen til Sanna Østerberg og Torjus Løvdal
Vert og påmelding: Connie Barthold – Evjemoen næringspark: cb@evje-utvikling.no

Torsdag 19.11.15: Gründerdagen – fellesarrangement - Sølvgarden – kl 10-15
10:00 «Frå ide til marknad» - minikurs med Innovasjon Norge. Retteleiing i høve søking / etablerarordningar mv.

Påmelding kurs: www.innovasjonnorge.no/no/Kontorer-i-Norge/Aust-Agder/arrangementer/

  • Speed-date – virkemiddelapparatet – næringsmedarbeidarar/ordningar
  • Investorpanel – IDE-presentasjonar for idehavarar og gründerar (ein og ein )

Fingermat - lunsj
12:00 Korleis bygge eit tippeserielag, bygge Fosshaugane Campus og vinna verda frå Sogndal!
Rasmus Mo – omdømeleiar - Sogndal fotball

  • Ei investor-historie frå Agder - om Autovern og mykje anna! -Terje Stålesen - multigründer og investor
  • Grunderkonkurranse Setesdal

Vertskap: Signe Sollien Haugå, Rune Ingebrigtsen og Connie Barthold
Påmelding – gratis lunsj : post@setesdal.no - innan onsdag

 

Gründerkonkurransen – «Innovasjon Setesdal»
På Setesdalskonferansen 2015 tok næringsapparatet initiativ til ein grunderkonkurranse – med tenkt kåring/ premiering på Setesdalskonferansen 2016.
Konkurransen har som mål å inspirere til nyskaping i Setesdal!
Har du eit ideen til eit nytt produkt, ei ny teneste/ny kunnskap eller ei innovativ ny løysing? Kommersielt potensial, og berekraft vil vere blant dei momenta som vil bli vurdert.
Ideen må gjerne ha «adresse Setesdal» på ein eller annan måte som du sjølv skildrar!
Uavhengig av «utviklingsstadiet» du er på er konkurransen open for forslag.
Konkurransekriteria / -info / om rettigheiter mv. vil bli presentert på gründerdagen.
Premie: ein vinnar får kr. 50.000,- + synleggjering.
Du kan og nytte høvet til å få starthjelp til idéutviklinga og kanskje kome eit langt steg vidare raskt – dersom du gjer «timebestilling» for å få hjelp til å førebu idepresentasjon for investorpanel/virkemiddelapparatet i framkant av grunderdagen. Dette blir koordinert av Connie Barthold: cb@evje-utvikling.no

Arrangement i regi av: Setesdal regionråd - Bykle kommune, Valle kommune, Bygland kommune, Evjemoen næringspark - og i samarbeid med Innovasjon Norge – Agder.
I samarbeid og med støtte frå:
Sparebanken Sør - Evje og Hornnes sparebank, Valle sparebank

Arrangementa er ein del av gründeruka Agder les meir på uka47.no