Rose

Robert Burns levde på slutten av 1700-talet, men er framleis ein av dei mest elska sangpoetane i verda. No har den fargerike musikaren og musikkmakaren Gabriel Fliflet dikta heilt nye tonar til mange av Burns sine songar, i fabelaktig omsetjing til norsk av Johannes Gjerdåker.

Det nykomponerte verket til Fliflet har fått namnet Rose etter A Red, Red Rose – den mest kjende songen til Burns ved sida av Auld Lang Syne. Rose er eit tingingsverk til Vossajazz 2016. Med utgangspunkt i danserytmar som gangar, vals, springar og reinlendar vil grunntonen kvila i norske tradisjonar, men også med tonesprang frå fjernare himmelstrøk. 

Kvedardronninga Kirsten Bråten Berg er hovedvokalist i Rose, mens den kreative multi-folkemusikaren Anders Røine og Gabriel Fliflet spelar - og syng, dei òg. Dei tre musikarane kjenner godt til kvarandre, men dette er fyrste gongen dei spelar i lag!

Det blir mange vakre kjærleikssongar, til tonefølgje av langeleik og piano eller kanskje munnharpe og fele - men òg burleske og viltre viser med svingande gitar og pumpande trekkspel

Musikarane i Rose er:

Kirsten Bråten Berg – song, munnharpe
Anders Røine – langeleik, gitar, fele, munnharpe, song
Gabriel Fliflet – trekkspel, piano, song