Introduksjonskurs Smart Start

Kurset inneheld praktisk orientering om bedriftsetablering, forretningsplanlegging samt informasjon om aktørar i det lokale virkemiddelapparatet som arbeider med tilrettelegging, veiledning og støtte til deg som nyetablerer.

12. oktober

17:00-21:00

Setesdal, Revsnes Hotel

 

Salskurs, del 1-2

Kurs i selgande kommunikasjon av ide/produkt. Kurset er spekka med konkrete eksempel deltakarane normalt kjenner seg igjen i og teori blir gjort om til forståeleg praksis. Korleis avklåre kundane sine forventningar og opplevde behov? Korleis tilpasse kommunikasjon og oppfølging av kundane?

3. og 5. oktober

18:00-21:00

Byglandsfjord, Revsnes Hotel

 

Web og sosiale medium som marknadskanal, del 1-3

Kurset gir en orientering om moglegheiter for bruk av web og sosiale medier til sal og marknadsføring av produkt og tenester. Digital marknadsforståing, web og sosiale medier samt forståing av teknologi er tre hovudpilarer for dette kurset. 

27. og 28. oktober

18:00-21:00 og 9:00-15:00

Byglandsfjord, Revsnes Hotel

 

Jusskurs for gründerar del 1-2

Praktiske føredrag over spelereglane i næringslivet med eksempel frå verkelegheita - særleg i forhold til ulike aktørar; før ein starter eiga næring, når ein set i gong og når ein er i full drift.

31.okt., og 2 nov.

18:00-21:00

Setesdal, Revsnes Hotel

 

Bedriftsøkonomi og reknskap, del 1-3

Kurset vil gi deg en introduksjon til dei viktigaste lovene og reglane knytt til etablering og drift av  ny verksemd. Gjennom praktiske eksempel vil vi ta opp tema som val av selskapsform, skatt, bilagshandtering, reknskap, budsjett, likviditetsstyring.

14., 16. og 21. november

18:00-21:00

Byglandsfjord, Revsnes Hotel