Vi voner namneendringa vil føre til at fleire våger å ta kontakt med teamet. Det kan vere nyttig for å finne ut kva som ligg bak, om ein i kvardagen har  problem med hukommelsen. Problem med hukommelse kan ha ulike årsakar, så som depresjon, sorg, ekstraordinære påkjenningar, tap, psykisk sjukdom, forvirringstilstandar og fysisk sjukdom. Namneendringa til Hukommelsesteamet vil difor vere meir passande.

Ei kartlegging av hukommelsesteamet kan bidra til å utelukke eller konstatere ein eller fleire tilstandar. Om det skulle syne seg å vere ein demenssjukdom er det ein fordel å ha etablert kontakt med fagpersonar med tanke på støtte og oppfølging vidare.

Fra 01.01.17 heiter det altså Hukommelsesteamet. Bjørn Harald Hagen er koordinator for teamet.
Du kan nå oss på tlf. 945 20 970 eller til epost: hukommelsesteamet@setesdal.no
 

Les meir her