Hopp til toppmenyen på siden Hopp til hovedinnholdet på siden
:

Testing for Covid-19

Har du behov for å bli testa for korona, ring 37 93 75 40 (kvardagar kl. 09-12 og 13-14).  Les meir...
A A A

Detaljregulering for Borkebutjørn i Hovsdalen. Høyring.

Publisert , Oppdatert 30. november 2015
Denne artikkelen er over 5 år gammel, og kan inneholde utdatert informasjon.
Illustrasjon av plankart

Illustrasjon av plankart

Plan- og miljøutvalet i Valle kommune vedtok i møte 08.09.15, sak 93/15 at detaljregulering for Borkebutjørn i Hovsdalen skal sendast ut på høyring etter at endringar i planen er retta opp. Dette er no gjort, og reguleringsplanen leggast ut til høyring og offentleg ettersyn.

 

Planen legg til rette for at det kan byggast i alt 21 fritidsbustader med enkel standard utan vatn og avløp. Planen syner to alternative vegframføringar inn i planområdet frå Gjerdestøylvegen, med parkering i byrjinga av hyttefeltet. Vinterparkeringa skal skje i dalbotnen.

 

Høyringa er frå 30.11.2015 – 15.01.2016.

 

Dokumenta kan sjåast i Velkomstsenteret Valle kommune (papirutgåve og kart i stort format) eller på kommunen si heimeside: www.valle.kommune.no. Evt. spørsmål rettast til Teknisk avdeling.

Evt. merknader må sendast til Valle kommune, teknisk – arealplan, 4747 Valle innan 15.01.2016.

Bilde

Illustrasjon av plankart
Illustrasjon av plankart