Hopp til toppmenyen på siden Hopp til hovedinnholdet på siden
:

Testing for Covid-19

Har du behov for å bli testa for korona, ring 37 93 75 40 (kvardagar kl. 09-12 og 13-14).  Les meir...
A A A

DETALJREGULERING FOR KVISLE, OMRÅDE L2A - HØYRING

Publisert , Oppdatert 08. juli 2016
Denne artikkelen er over 4 år gammel, og kan inneholde utdatert informasjon.
Illustrasjon av plankart

Illustrasjon av plankart

Plan- og Miljøutvalet i Valle kommune vedtok i møte 14.06.2016 at detaljregulering for Kvisle, område L 2A (PlanId 201601) skulle leggast ut til høyring og offentleg ettersyn når planføresegnene er retta opp med tillegg i rekkefølgjekrava. Plandokumenta er no retta opp, og leggast ut til høyring i tida 08.07 – 01.09.2016.

Planen kan du sjå i planinnsyn her . Dokumenta ligg og som pdf-filar til høgre.

Planen legg til rette for at det kan byggast 7 hytter i området. Dette er ei endringa frå tidlegare reguleringsplan vedteken i 2010, der området er sett av til leilegheitsbygg. Plandokumenta kan sjåast i Valle kommune, Velkomstsenteret, eller på Valle kommune si heimeside.

Ein gjer merksam på at grunna ferie og redusert bemanning på planavdelinga, vil førespurnader ikkje kunne svarast på før 4. august. Evt. merknader må sendast Valle kommune, postboks 4, 4747 Valle eller post@Valle.kommune.no innan 1. september 2016.  

  • Skjema
  • Tenesteomtale
  • Dokument
  • Vedlegg
  • Lenker