Hopp til toppmenyen på siden Hopp til hovedinnholdet på siden
A A A

Detaljregulering for Rv 9, Sandnes – Harstadberg. Melding om vedteken plan.

Publisert , Oppdatert 13. juni 2014
Denne artikkelen er over 7 år gammel, og kan inneholde utdatert informasjon.
kommunen-informererBLUR

Kommunestyret i Valle vedtok i møte 28.05.2014 detaljreguleringsplan for Rv 9, Sandnes - Harstadberg. Planen inneber at det kan byggast 4,2 km ny riksveg med vegbreidde 7,5 m, som vert lagt utanom gardane på Sandnes og Kveste. Det kan i tillegg byggast 1,7 km ny gang- og sykkelveg frå Harstadberg til Kveste, og planskilt kryssing av riksvegen ved Harstadberg.

Plankart, planomtale og føresegner kan sjåast under tilknytta element til høgre, eller på Velkomstsenteret i Valle kommune.

Kommunestyret sitt vedtak kan påklagast, jf Plan- og bygningslova § 12-12 og § 1-9. Evt. klage må framsettast skriftleg til Valle kommune innan 08.07.2014. Ved evt. klage må de oppgi saksnummer, kva klaga gjeld og grunngjeving for klaga.

  • Skjema
  • Tenesteomtale
  • Dokument
  • Vedlegg
  • Lenker