Detaljregulering for Sitåsen, felt A og B. Melding om vedteken plan.
Kommunestyret i Valle vedtok i møte 29.10.2014 Detaljregulering for Sitåsen, felt A og B (sak 60/14).
Planen inneheld 21 tomter der det kan byggast anten ein- eller tomanns fritidsbustader. Tilkomsten er frå Brokke-Suleskarvegen.
Plankart, planomtale og planføresegner kan sjåast på Velkomstsenteret i Valle kommune, og i planinnsyn. Evt. spørsmål kan rettast til Teknisk avdeling.
Kommunestyret sitt vedtak kan påklagast av ein part eller andre med rettsleg klageinteresse i saka, jf Plan- og bygningslova § 12-12 og § 1-9.
Evt. klage må framsettast skriftleg til Valle kommune innan 04.12.2014.
Ved evt. klage må de oppgi kva klaga gjeld og grunngjeving for klagen.