Hopp til toppmenyen på siden Hopp til hovedinnholdet på siden
:

Testing for Covid-19

Har du behov for å bli testa for korona, ring 37 93 75 40 (kvardagar kl. 09-12 og 13-14).  Les meir...
A A A

Detaljregulering for Stavedalen. Melding om vedtak.

Publisert , Oppdatert 04. mars 2014
Denne artikkelen er over 7 år gammel, og kan inneholde utdatert informasjon.
kommunen-informerer-teknisk-avdeling

Kommunestyret i Valle vedtok i møte 26.02.2014, sak 11/14, detaljreguleringsplan for Stavedalen.

Planområdet omfattar heile det gamle støylsområdet i Stavedalen, samt Stavedalsvegen og parkering ved Tveiten/Brottveit. Planen legg til rette for bygging av 51 nye hytter, i tillegg til om lag 50 eksisterande hytter/gamle støyler. 4 støylsområde er regulert med omsynssone bevaring. Planen legg til rette for at det kan opparbeidast parkeringsplassar på Tveiten/ Brottveit. Etablering av nye hytter krev inngått avtale om vinterparkering.

Plankart, planomtale og planføresegner finn du til høgre på sida. Du finn også planen i vårt planregister, via Planinnsyn på web: http://tema.webatlas.no:80/0940/Planinnsyn?planid=200602

Spørsmål kan rettast til Teknisk avdeling.

Kommunestyret sitt vedtak kan påklagast, jf Plan- og bygningslova § 12-12 og § 1-9. Evt. klage må framsettast skriftleg til Valle kommune innan 28.03.2014. Ved evt. klage må de oppgi kva klaga gjeld og grunngjeving for klagen.

 

Valle kommune

Ordføraren

  • Skjema
  • Tenesteomtale
  • Dokument
  • Vedlegg
  • Lenker