Hopp til toppmenyen på siden Hopp til hovedinnholdet på siden
A A A

DETALJREGULERING KVISLE FELT L3. MELDING OM VEDTEKEN PLAN.

Publisert , Oppdatert 01. juli 2016
Denne artikkelen er over 5 år gammel, og kan inneholde utdatert informasjon.
Illustrasjon av plankart

Illustrasjon av plankart

Kommunestyret i Valle vedtok i møte 22.06.2016 detaljreguleringsplan for Kvisle, felt L3, planID 201502.

Planen legg til rette for at det kan byggast 53 einingar innanfor same feltet som i tidlegare plan var sett av til leilegheitsbygg. Det vert ikkje lenger knytt utleigeplikt til feltet.

Plankart, planomtale og planføresegner kan sjåast på Velkomstsenteret i Valle kommune og i planinnsyn. Ein syner elles til kommunen si heimeside www.valle.kommune.no

Kommunestyret sitt vedtak kan påklagast av ein part eller andre med rettsleg klageinteresse, jf Plan- og bygningslova § 12-12 og § 1-9. Evt. klage må framsettast skriftleg til Valle kommune innan 29.07.2016. Ved evt. klage må ein oppgje saksnummer, kva klaga gjeld og grunngjeving for klaga.

Bilde

Illustrasjon av plankart
Illustrasjon av plankart
  • Skjema
  • Tenesteomtale
  • Dokument
  • Vedlegg
  • Lenker