Unnateke søknadsplikt for mindre bygning inntil 50 m²

Du treng ikkje å søke om løyve til bygging av frittliggjande bygning dersom den er i samsvar med plan- og bygningslovas regelverk og anna regelverk. Bygning må vere i tråd med gjeldande reguleringsplaner og kommuneplaner, og i tråd med veglovas krav til avstand frå veg.

Bygningen må:

  • Ikkje vere større enn 50 m² samla bruksareal (BRA) eller bygd areal (BYA). Bygningen kan oppførast i inntil éin etasje og kan ikkje ha kjeller.
  • Ikkje ha større mønehøgde enn 4 m og gesimshøgde meir enn 3 m.
  • Ikkje nyttast til bebuelse.
  • Ikkje plasseres mindre enn 1 m fra nabogrense. Du må sjølv sjekke hvor grensa går og kontakte kommunen ved behov for påvisning/klarlegging (gebyrbelagt).
  • Ikkje plasserast nærare leidningar i grunnen enn 4 m utan særlege sikringstiltak som må godkjennast av kommunen. 

Det er tiltakshavers ansvar at vilkår for at ein ikkje treng å søke er ivareteke.

Det er ikkje naudsynt med nabovarsel, men kommunen anbefalar likevel at du orienterar naboar før du startar arbeidet.

Du må informere kommunen om bygninga og plasseringa når den er ferdigstilt, slik at kommunen kan oppdatere kart- og matrikkeldata.

Dersom du skal søke sjølv

Oppføring, plassering, vesentlig endring, vesentleg reparasjon eller riving av driftsbygning inntil 1000m² bruksareal.

Tilbygg til driftsbygning dersom bygningens totale areal inkludert tilbygget ikkje er over 1000 m² bruksareal. Les meir om å søke sjølv her

  • Fylgjebrev
  • Søknad om løyve til tiltak utan ansvarsrett
  • Nabovarslingsskjema
  • Situasjonskart med innteikna bygg. Du må syne avstand til næraste nabo, næraste veg og vasskjelde
  • Plan, snitt- og fasadeteikningar
  • Dersom du ynskjer å oppføre nybygg nærare felles nabogrense enn 4 meter, må du enten ha skriftleg samtykkje frå nabo eller søke om dispensasjon frå plan- og bygningsloven. Dette er  nokre tilfelle ikkje naudsynt for frittliggjande bygning under 50 m2.
  • Søknad om dispensasjon (dersom naudsynt)
  • Søknad om avkøyrselløyve (dersom naudsynt)

Gjeldande plan

Før du utformer byggjesøknad  bør du undersøke kva som er gjeldande av planer for eigedomen du skal byggje på. Gjeldande plan finn du her:
Planinnsyn for Valle kommune

Situasjonskart

Her kan du inn på kommunens kartløysing og lage situasjonskart sjølv:

SITUASJONSKART

 

Her kan du bestille situasjonskart, planrapport, reguleringsplankart med føresegner, kommuneplankart og områdeanalyse.

SITUASJONSKARTPAKKE

Søknad om ferdigattest eller mellombels bruksløyve

Når tiltaket er ferdig, må det sendast inn søknad om ferdigattest.

Skjema for søknad om ferdigattest finn du her:
Søknad om ferdigattest

Skjema for gjennomføringsplan finn du her:
Gjennomføringsplan

Søknad med ansvarsrett

Større driftsbygningar skal handsamast som søknad med ansvarsrett. Det samme gjeld bygningar for fabrikkmessig produksjon og salg.

Les meir om søknad med ansvarsrett her