Vi lever i eit trygt og stabilt samfunn, der vi er vande med at det meste fungerer som det skal. Men livet i Noreg er heilt avhengig av straum, vatn og internett - og nettopp der er vi mest sårbare. I veke 44, frå 31. oktober til 6. november inviterer DSB (Direktoratet for samfunnstryggleik og beredskap) kommunar og innbyggjarar til å vere med på Eigenberedskapsveka 2022.

Målet med veka er å sette fokus på eigen beredskap og sørge for ei godt førebudd befolkning ved ei krise. Gjennom nettsida til DSB Sikker kvardag (sikkerhverdag.no) får du informasjon om korleis du kan bli betre rusta til å takle litt større kriser og hendingar. Her finn du mellom anna døme på ting du bør ha i beredskapslageret heime.

- Med nokre enkle grep blir du betre rusta til å klare deg sjølv i minst tre døgn i ei krise, seier beredskapskoordinator Torleif Homme. Det er viktig at folk tenkjer gjennom og skaffar seg ting på lista ifrå DSB, til dømes stearinlys, mat, batteri til lykt og radio, vatn, medisinar og førstehjelpsutstyr. Tenk igjennom kva du og familien vil trenge dersom de mistar tilgong på straum og vatn.

-Det er mange ting ein som innbyggjar og nabo kan gjere for å auke beredskapen og tryggleiken i lokalsamfunnet, seier Homme. Det er for eksempel stadig fleire hus som produserer eigen straum med solceller, kanskje kan naboar kome og lade telefonen sin der?  Tenk igjennom kven som er ditt lokale nettverk og kven du kan hjelpe eller få hjelp av under ei krise, oppfordrar Torleif Homme. Ved å vera førebudd bidreg du til at dei som treng det mest, får hjelp først i ein eventuell krisesituasjon. På den måten er du ein del av beredskapen i Noreg.

Valle kommune oppmodar alle til å gjere ein innsats for beredskapen i kommunen!