Valle kommune har lansert sjølvbeteningsløysinga e-Torg, kommunen sin eigne døgnopne nettbutikk. e-Torg gjev alle rask og digital tilgang til eigedomsinformasjon, offentlege og lokale kartdatabaser. Der kan du også sende nabovarsel digitalt.

Her finn du e-Torg for Setesdal : https://setesdal.e-torg.no/  (fungerer ikkje med Internet explorer, bruk Chrome eller andre nettlesarar)

Og du finn også lenke til e-Torg på den øvste menylinja på hovudsida.

 

Den nye tenesta vil bli til stor nytte for innbyggarar og profesjonelle brukarar.
I e-Torg finnast eigedomsinformasjon, meglarpakker, plandata, kart og nabolister som kan brukast av privatpersonar og profesjonelle aktørar, t.d. eigedomsmeklarar, arkitektar og bygg- og anleggsbransjen.

For innbyggarane vil e-Torg bety at blant prosessen med nabovarsling kan forenklast. Tidlegare måtte ein kopiere opp skjema til alle naboane, fylle ut desse for så å få personlig underskrift. Dette kunne også gjerast ved å sende rekommandert brev. No kan du frå e-Torg varsle naboen direkte via Altinn. Naboen mottek varselet, og kan kome med tilbakemelding på tiltaket, også det via Altinn.

Bestilling av meklarinformasjon for både private og profesjonelle har til no vore mogeleg via Ambita Infoland. Dette kan no også kjøpast via kommunens e-Torg. Ei «meglarpakke» inneheld informasjon kommunen har om bygg, eigedom, kommunale gebyr og anna som er naudsynt ved eigedomsoverdraging.

Profesjonelle brukarar som arkitektar og utbyggar vil kunne bestille kartdata og plandata i både 2D og 3D for bruk i prosjektering og planlegging. Det kan også bestillast områdeanalyse og datagrunnlag for ROS-analyser og konsekvensutgreiingar.

 

Produkt som kan kjøpast på e-Torg:

  • Digitale data: grunnkart, arealplaner, ortofoto-fyfoto, 3D-modell
  • Meglarpakke bebygd eigedom og ubebygd tomt
  • Nabovarsling (eigarliste med skjema for nabovarsling) eller eNoabovarsel
  • Situasjonskartpakke for byggesak (planrapport, reguleringsplankart, kommuneplankart, føresegner, situasjonskart, leidningskart, områdeanalyse)

 

Kommunen har også lansert MinEigedom

MinEiendom er ein portal der du loggar på med Bank-id. Du får innsyn i relevant informasjon som kommunen har om din(e) eigedom(ar). Løysinga gir mellom anna informasjon om eigedomen, kart, bygningar med bygningsnummer, kommunale gebyr, vann- og avløp, renovasjon, vassmålar og feiing. Det er også tilgang til saksdokument frå det historiske arkivet (før 2015). Data hentast frå Grunnboka, Matrikkelen og Valle kommune sine eigne system.

Min eiendom er tilgjengeleg heile døgnet på alle digitale plattformer og du er ikkje avhengig av kommunehuset sine opningstider.