Forskrifta gjeld for Valle kommune i Aust-Agder. Reglane gjeld ikkje for forhold nemnd i hundelova § 9, av dette blant anna hund i aktiv politi-, toll- eller redningsteneste.
Brot på føresegnene av denne forskrift kan straffast etter hundelovas reglar.
Forskrifta trer i kraft frå 20. mars 2018 og gjeld til 31. mars 2018 då den ordinære bandtvangen finn stad. Kommunen kan, dersom forholda tilseier det, oppheve forskrifta med direkte verknad.

 

FORSKRIFT OM EKSTRAORDINÆR BANDTVANG I VALLE KOMMUNE

§ 1. Formål
Grunna ekstraordinære forhold for viltet med mykje snø, innførast ekstraordinær bandtvang i heile Valle kommune. Dette inneber at hundar skal haldast i band eller forsvarleg inngjerda eller innestengt, slik at dei ikkje kan jage eller skade vilt.
§ 2. Virkeområde
Forskrifta gjeld for heile Valle kommune i Aust-Agder
§ 3. Bandtvang
Alle hundar skal til ein kvar tid haldast i band eller forsvarleg innestengt eller inngjerda. Unntak gjelder for hundar nemnt i lov om hundehold § 9.
§ 4. Hund som spring laus
Kvar og ein kan oppta hund som spring laus i strid med denne forskrift. Laushund skal leverast til hundehaldar, dersom denne er til stades. Dette gjelder ikkje dersom hundehaldar openbart ikkje kan ta hand om hunden på forsvarleg og lovleg måte. Viss ikkje hunden blir levert til hundehaldar, skal den snarast leverast politiet.
§ 5. Brot på forskrifta
Brot på denne forskrifta straffast etter lov om hundehold § 28
§ 6. Verknad frå
Forskrifta trer i kraft frå 20. mars 2018 og gjeld til og med 31. mars 2018, eller inntil den blir oppheva av ny forskrift dersom snøforholda endrar seg vesentleg.
§ 7. Klage
Denne forskrifta kan klages på til Fylkesmannen jf. § 6 tredje ledd i lov om hundehold.