Hopp til toppmenyen på siden Hopp til hovedinnholdet på siden
:

Testing for Covid-19

Har du behov for å bli testa for korona, ring 37 93 75 40 (kvardagar kl. 09-12 og 13-14).  Les meir...
A A A

Elevar frå Setesdal vgs. i Valle til topps i NM Gullsmedfag!

Publisert , Oppdatert 04. november 2014
Denne artikkelen er over 6 år gammel, og kan inneholde utdatert informasjon.
sylvsmykke

Chris Marco Alanenpää Helgemo tok fyrsteplassen, og Thomas Urang Andersson kom på andreplass under NM i gullsmedfag, som i år gjekk føre seg ved Plus-skulen i Fredrikstad 29. – 31. oktober. På tredjeplass kom Ulrikke Myklebust Johansen, svenn våren 2014 frå Elvebakken vgs. Det var sju deltakarar – fem jenter og to gutar, tre elevar frå PLUS-Skulen i Fredrikstad, to svennar (2014) frå Elvebakken vgs. i Oslo, samt ein tidligare og ein noverande elev ved Setesdal vgs., avd. Valle, altså Chris og Thomas. Chris Marco Alanenpää Helgemo tok svennebrevet i Valle i fjor, og jobbar no ved Gullgalleriet i Trondheim. Thomas Urang Andersson gjeng fyrste året på VG3 i Valle, og skal ta svennebrevet neste år.
 
Bedømminga blei gjort av Svenneprøvenemda i Østfold. Gutane skilte seg tydeleg ut allereie ved starten av bedømminga, og kniva om fyrsteplassen, ifølge Rigmor Fein i Gullsmedforbundet . Totalt disponibel tid til arbeidet var 20 timar over 3 dagar . Deltakarane skulle lage to delar av eit smykke.
Desse tre skal no konkurrere seg imellom for vidare kvalifisering som Noregs deltakar i gullsmedfaget til Yrkes-OL –World Skills som gjeng føre seg i Sao Paulo i Brasil 11.-16. august 2015. Det blir og plukka ut to personar som skal delta på EM i København.
 
Vi gratulerar så mykje!

Bilde

Foto: Ann Christin Jacob
Thomas i arbeid under NM
Foto: Ann Christin Jacob
Dei tre beste i NM Gullsmadfag
  • Skjema
  • Tenesteomtale
  • Dokument
  • Lenker