Frå 1. januar 2020 blir Valle ein del av Agder fylke. Kommune- og regionsendringane 2020 gjer at fylkes- og kommunenumra blir endra. Endringane for Agder fylke og Valle kommune går fram av tabellen under.

Fylke 2019 Kommune 2019 Fylke 2020 Kommune 2020
09 Aust-Agder 0940 Valle 42 Agder 4221 Valle

Valle sitt nye kommunenummer er 4221. 

Folkeregisteret, tinglysingsregisteret og einingsregisteret vil bli oppdatert automatisk som følgje av endring i matrikkelen.
Andre registre, tabellar og fagsystem i Valle kommune som inneheld opplysningar om kommunenummer og fylkesnummer, blir oppdatert av eller i samråd med leverandørane av systema. Dei fleste systema skal vere endra innan 1. januar, medan nokre blir klare i løpet av januar.

På http://www.kartverket.no finn ein meir om regionreformen.

Den nye fylkeskommunen får nytt "kommunevåpen":

Agder fylkeskommune