Retningsliner for ENØK-tilskot næring

KVEN KAN SØKE OM STØTTE?

  • Verksemda må vera registrert i Brønnøysundregisteret og ha forretningsadresse i Valle kommune.
  • Foreiningar og lag registrert i Brønnøysundregisteret med adresse i Valle kommune kan søke tilskot.

DETTE MÅ DU VITE:

  • Ei bedrift vil ikkje kunne få støtte gjennom lokal ordning dersom ein har fått innvilga minimum 30% av kostnadene frå anna støtte til same tiltak. Er det søkt og motteke støtte frå anna støtteordning for tiltaket som er lågare enn 30% av kostnadene, kan verksemda søkja kommunen om tilskot på differansen mellom innvilga støtte og opp til 30% av kostnadene for prosjektet
  • Mva-registrert verksemd får berekna støtte eksklusiv Mva.
  • Arbeidet kan settast i gang når søknaden vart sendt ( Bortsett frå tiltak utført mellom 01.11.2022 og 01.04.2023)
  • Frist for gjennomføring av tiltaket er eit år frå godkjenning av søknaden. Dersom tiltaket ikkje vert gjennomført innan fristen, vert vedtaket trekt tilbake. I særskilde tilfelle kan det søkjast om utsett frist. 
  • Eigeninnsats skal ikkje reknast inn i grunnlaget for tilskot.
  • Tilskot på einskilde tiltak kan ikkje kome i tillegg til anna offentleg støtte, men om det vart søkt og motteke støtte frå anna støtteordning for tiltaket som er lågare enn 30% av kostnadene, kan verksemda søkja kommunen om tilskot på differansen mellom innvilga støtte og opp til 30% av kostnadene for prosjektet.
  • Det er søkjars ansvar å undersøke med Valle kommune om tiltaket er søknadspliktig og deretter søkje om løyve
  • Tilskot vert utbetalt etterskotsvis med: kopi av tilbod og rekning, bekrefta betalt rekning, ferdigmelding av tiltaket med sluttrapport og godkjente løyvingar frå kommunen dersom tiltaket krev det

KVA VERT STØTTA:

  • Solceller/solfangar inntil 30% av investeringskostnaden.
  • Luft til luft varmepumper
    • Tilskotet dekker inntil 30% av investeringskostnaden. Maksimal støtte per varmepumpe er kr 20 000 inkludert installering. Maksimalt 5 varmepumper per verksemd
  • Etterisolering og skifte av vindauge
    • Tilskotet dekker inntil 30% av investeringskostnaden.
    • Krav til redusert U-verdi på isolasjon og vindauge før og etter tiltak. Dokumentasjon må vedleggast.
    • Vil gjelde bygg som er oppført før 1987. ▪ Maksimal støtte er på kr 300.000,- for bygget/verksemda/organisasjonen.
  • Innovative energiprosjekt
    • Det kan bli gitt inntil 30% støtte til innovative energiprosjekt. Tiltaket vil bli skjønnsmessig vurdert. Maksimal støtte kr 300 000.
  • Anna
    • Det kan vere fjernvarme, biokjel/flisfyring, ventilasjon med meir.
    • Klimaeffekten/energieffekten må kome klart fram av søknaden.
    • Tiltaket vil bli skjønnsmessig vurdert.
    • Tilskotet dekker inntil 30% av investeringskostnaden. Maksimal støtte på kr 300 000.