Retningsliner for ENØK-tilskot næring
KVEN KAN SØKE OM STØTTE?
- Verksemda må vera registrert i Brønnøysundregisteret og ha forretningsadresse i Valle kommune.
- Foreiningar og lag registrert i Brønnøysundregisteret med adresse i Valle kommune kan søke tilskot.
DETTE MÅ DU VITE:
- Ei bedrift vil ikkje kunne få støtte gjennom lokal ordning dersom ein har fått innvilga minimum 30% av kostnadene frå anna støtte til same tiltak. Er det søkt og motteke støtte frå anna støtteordning for tiltaket som er lågare enn 30% av kostnadene, kan verksemda søkja kommunen om tilskot på differansen mellom innvilga støtte og opp til 30% av kostnadene for prosjektet
- Mva-registrert verksemd får berekna støtte eksklusiv Mva.
- Arbeidet kan settast i gang når søknaden vart sendt ( Bortsett frå tiltak utført mellom 01.11.2022 og 01.04.2023)
- Frist for gjennomføring av tiltaket er eit år frå godkjenning av søknaden. Dersom tiltaket ikkje vert gjennomført innan fristen, vert vedtaket trekt tilbake. I særskilde tilfelle kan det søkjast om utsett frist.
- Eigeninnsats skal ikkje reknast inn i grunnlaget for tilskot.
- Tilskot på einskilde tiltak kan ikkje kome i tillegg til anna offentleg støtte, men om det vart søkt og motteke støtte frå anna støtteordning for tiltaket som er lågare enn 30% av kostnadene, kan verksemda søkja kommunen om tilskot på differansen mellom innvilga støtte og opp til 30% av kostnadene for prosjektet.
- Det er søkjars ansvar å undersøke med Valle kommune om tiltaket er søknadspliktig og deretter søkje om løyve
- Tilskot vert utbetalt etterskotsvis med: kopi av tilbod og rekning, bekrefta betalt rekning, ferdigmelding av tiltaket med sluttrapport og godkjente løyvingar frå kommunen dersom tiltaket krev det
KVA VERT STØTTA:
- Solceller/solfangar inntil 30% av investeringskostnaden.
- Luft til luft varmepumper
- Tilskotet dekker inntil 30% av investeringskostnaden. Maksimal støtte per varmepumpe er kr 20 000 inkludert installering. Maksimalt 5 varmepumper per verksemd
- Etterisolering og skifte av vindauge
- Tilskotet dekker inntil 30% av investeringskostnaden.
- Krav til redusert U-verdi på isolasjon og vindauge før og etter tiltak. Dokumentasjon må vedleggast.
- Vil gjelde bygg som er oppført før 1987. ▪ Maksimal støtte er på kr 300.000,- for bygget/verksemda/organisasjonen.
- Innovative energiprosjekt
- Det kan bli gitt inntil 30% støtte til innovative energiprosjekt. Tiltaket vil bli skjønnsmessig vurdert. Maksimal støtte kr 300 000.
- Anna
- Det kan vere fjernvarme, biokjel/flisfyring, ventilasjon med meir.
- Klimaeffekten/energieffekten må kome klart fram av søknaden.
- Tiltaket vil bli skjønnsmessig vurdert.
- Tilskotet dekker inntil 30% av investeringskostnaden. Maksimal støtte på kr 300 000.