Frå og med 2020 er alle kommunar i Noreg lovpålagt å ha ei ergoterapiteneste. Det er oppretta eit interkommunalt samarbeid om ergoterapeut i kommunane Bygland, Åseral, Valle og Bykle. Bygland er vertskommune. Ergoterapeuten har utgangspunkt ein fast dag i kvar kommune.

 

Dersom du opplever at sjukdom, funksjonsnedsetjingar eller at miljøfaktorar påverkar korleis du meistrar daglege aktivitetar eller gjeremål, kan ergoterapi vera til hjelp. Ergoterapeut tek utgangspunkt i det som er viktig for deg, og i kommunane Bygland, Åseral, Bykle og Valle kan alle aldersgrupper få tenesta. Ergoterapeuten har ansvaret for å den kommunale hjelpemiddelformidlinga og kontakt med Nav hjelpemiddelsentral.

Ergoterapeut kan bidra me

  • Kartlegging av funksjonsnivå.
  • Trena på å utføra daglege gjeremål
  • Tilrettelegging av omgivnadene i bustad
  • Hjelpemiddelformidling for alle aldersgrupper - Bistand til å søkja på, og opplæring i bruk av tekniske hjelpemiddel.
  • Utprøving og tilpassing av hjelpemiddel som kan gjera kvardagen enklare og tryggare
  • Kartlegging og funksjonsvurdering av barn- og ungdom, både heime og på skulen.
  • Vurdera tilretteleggingsmoglegheiter for bustad – og bistand til å søkja på tilskot til tilrettelegging av bolig hos Husbanken

Når kontaktar du ergoterapeut?

  • Når du ikkje lenger klarer å utføra- eller har vanskar med daglege, praktiske oppgåver som du klarte tidlegare: gå på butikken, dusja, besøkja venner og familie etc.
  • Ved behov for hjelpemiddel eller tilrettelegging for å kunna utføra daglege gjeremål
  • Når du ønskjer rettleiing og tilrettelegging eller trening for å bli meir selvhjulpen.
  • Viss barnet ditt har vanskar med å fungera på skulen og/ eller har behov for hjelpemiddel for å mestre kvardagen/ skule.

Ergoterapeut har ein dag i kvar kommune

Bygland – Måndag

Valle – Tysdag

Åseral – Onsdag

Bykle/ Hovden – Torsdag

Fredag – Kontor eller utkøyring ved behov.

Kommunalt hjelpemiddellager

Kommunal Vaktmeister og ergoterapeut har ansvar for det kommunale hjelpemiddellageret. Her er det eit lite utval hjelpemiddel som kan lånast ut på kort varsel. Tenesta er gratis. Vaktmeister køyrer ut og monterer opp aktuelle hjelpemiddel. Brukarar eller pårørande kan òg henta hjelpemiddel sjølv som ikkje krev montering.

Tilvising

Tilvising til tenesta ligg som vedlegg på denne sida. Fyll ut og send med brevpost:

  • Prestlidi 68 v/ ergoterapeut Andreas Isaksen

4745 Bygland