Ordninga skal no evaluerast og Helsetenesta i Bykle og Valle er interessert i korleis brukarane opplever denne endringa, både positive og negative  tilbakemeldinger frå deg som brukar er av interesse. Undersøkinga vert  gjennomført med telefonintervju av ei utvald gruppe brukarar av helsetensta. Telefonundersøkinga vert gjennomført av KS  19. mai . Undersøkinga er sjølvsagt anonym.

Det er også lagt ut spørreskjema på legekontora  i Bykle og Valle, og har du som brukar av helsetenesta lyst til å seie di meining er du velkomen til å fylle ut eit anonymt spørreskjema på legekontoret.

Heimesjukepleien i Bykle og Valle gjennomførar og ei spørreundersøkelse blant deira brukarar.

Undersøkinga vert avslutta 22. mai.   

 

Føremålet med undersøkinga er å få kartlagt korleis  brukarane av helsetenesta opplever denne endringa som et ledd i :

  • Fagleg kvalitetsforbetring
  • Sikre at innbyggjarane i Bykle og Valle kommune får eit likeverdig og godt helsetilbod.
  • Styring av verksemda
  • Samfunnsmessig legitimering og kontroll