Her kan du sjå korleis du sjølv kan finne dine bygningar: Kvar finn eg bygningar?
Dersom de har fått faktura på bygning som ikkje skulle hatt gebyr må de sende inn søknad om fritak.
Grunnlag for fritak:
- Plombering av eldstad. Eldstad(ar) vert plombert av brannvesenet. (Timekostand og km for utført teneste kjem i tillegg)
- Eldstad(ar) koplast frå skorstein. Skal dokumenterast i form av bilete/dokumentasjon.
- Byggverk er ikkje beboeleg. Skal dokumenterast i form av bilete/dokumentasjon og skriftleg søknad.
Fritakssøknad sendast til Valle kommune.
Mottatt faktura må betalast, men dersom bygninga får fritak vil gebyret kome i frådrag neste gong ein fakturerer feie- og tilsynsavgift (desember 2021).
Meir informasjon om feieavgifta finn du på Setesdal brannvesen IKS si heimeside her: Gebyr for feiing og tilsyn - Setesdal Brannvesen IKS (sb-iks.no)