«Setesdal er eit førsteklasses og utruleg variert klatreområde. Her finn du prima sva- vegg og sprekk-klatring , frå tre meter høge blokkar til monsterveggar med 18 taulengder. Det er så utruleg vakkert her at du lett kan gløyme at du er her for å klatre»

Klatreførar

For å få betre oversyn over dei moglegheitene som finst, syner vi til klatreførar for Setesdal som er utgjeven av Panico Verlag.
Klatreføraren er til sal fleire stader i Valle kommune. Du kan i tillegg bestille guiden på nett.

klatreruter med vanskelegheitsgrad

Innleiinga over syner kvaliteten på Valle kommune som klatrearena. Det er dokumentert over 500 klatreruter.
Du finn alt frå godt sikra ruter for born og nybyrjar til ruter med vanskegrad 9+ , på ein skala til 10, der 10 er det vanskelegaste.