Hopp til hovedmenyen på siden Hopp til hovedinnholdet på siden

Førebels årsrekneskap 2018 for Valle kommune

Den førebels rekneskapen for Valle kommune syner eit mindreforbruk på omlag 7,4 mill. kroner mot eit budsjett med drift i balanse.

Drift i tenesteproduksjonen på einingane ga samla eit mindreforbruk på omlag 3,5 mill. kroner. Der er store avvik i form av mindreforbruk og meirforbruk på fleire av einingane.

Avrekning av premieavvik mot KLP og SPK, amortisering av tidlegare års premieavvik og endring i premiefondet ga ein positiv verknad i rekneskapen for 2018 på omlag 3,9 mill. kroner.

Frie inntekter (skatt og rammetilskot) ligg samla 0,3 mill. kroner over budsjett. Integreringstilskotet ligg omlag 1 mill. kroner over budsjett og konsesjonsavgifta ligg omlag 3 mill. kroner under budsjett.

Der er eit mindreforbruk på omlag 1 mill. kroner på finansutgifter som i hovudsak skriv seg frå lågare renteutgifter enn budsjettert.

Bruk og avsetning til bundre fond og ubundne fond er i stor grad i tråd med budsjett. For å få budsjettet for 2018 i balanse vart der budsjettert med bruk av disposisjonsfond med 5,3 mill. kroner. Denne fondsbruken inngår som ein del av mindreforbruket på 7,4 mill. kroner.

Valle kommune har investert for omlag 35 mill. kroner i 2018, mot eit budsjett for investeringar på omlag 31,7 mill. kroner. Den største investeringen er Sæbyggjen med ein kostnad på omlag 21 mill. kroner. Investeringane er finansiert med lån på omtrent 19 mill. kroner, overføring frå drift på omlag 1,6 mill. kroner, bruk av bundne og ubundre fond med omlag 1 mill. kroner i tillegg til momskompensasjon frå investeringar.

Økonomiske måltal vil framkoma av den endelege årsrekneskapen.

Årsrekneskapen er førebels då revisjonen ikkje er ferdig.  Årsrapport og årsrekneskap 2018 skal til handsaming i kontrollutval 29. mai, formannskap 5. juni og i kommunestyret 19. juni.


 

 

Tips ein ven Skriv ut
Publisert | Oppdatert 29. april 2019