Før du sender byggjesøknad til kommunen kan du bestille førehandskonferanse. Kommunen skal kalle inn til førehandskonferanse i løpet av 14 dagar. Føremålet med førehandskonferanse er å finne ut kva slags lover og krav som gjeld for byggjeplanane dine. Typiske spørsmål kan vere:
- føresegner i reguleringsplan,
- behov for dispensasjon,
- krav om ansvarleg føretak,
- krav om uavhengig kontroll,
- uttale frå andre myndigheiter
- forhold til veg/adkomst,
- VA-trasé,
- landbruk, miljø eller næring
Førehandskonferansen må ikkje forvekslast med sakshandsaming og vi gjer ikkje vedtak i ein førehandskonferanse. Kommunen har ansvar for å skrive eit kort referat etter førehandskonferansen.